|
||||||
|
Mot Skottland 2005-06-20 Me er framleis i Dublin, men reiser vidare imorgon. Mest sannsynleg. Me har nemleg hatt litt motorproblem, kjølevatnpumpa rauk på vegen frå Kinsale og me har hatt problem med å finne deler. No har me fått tak i verktøy og deler, så om den eminente kapteinen klarar å skru det ihop i løpet av kvelden, reiser me imorgon. Me set då kursen mot Belfast, eller ei av uthamnene der. Der er sterke straumar i dette området, sa det gjeld å time det riktig. Me kjem til å stoppe når motstraumen byrjar, vente 6 timar, så starte på igjen. Me satsar på å vera i Skottland seinast fredag. Me har hatt fine dagar i Dublin, det er jo fyrste gong me har vore i ein storby på lenge. Så no har me shoppa og vore på kino og gått på pub. Det er rart å vera blant "folk" att, me lyt liksom kle oss normalt og vaska oss heile tida. Difor har det vore heftig leiting etter klede som ser nokonlunde ut. Det er liksom ikkje shortsver her for tida. Det merkar de vel heime og. Men me har eit glas med sommar som me skal opna når me kjem heim, så det er bere å gleda seg. Me ligg for tida longside på ein hollandsk skonnert som har delteke i ein såkalla tall ships festival i helga. I og med at me har ein klassisk båt, så får me mykje goodwill. Det er kjekt. Det er kun ein ting me ikkje har gjort i Dublin, det er å vitja Guinessbryggeriet. Det har me spart til neste gong. Plastbåten Eos har reist ifrå oss(sjølv om dei nok sniglar seg framover oppi der), det same har Vibeke. Så no er me kun 4 karar igjen, heilt til Johnny kjem neste søndag. Då vert me 5 att. Me ventar at alle har satt av 8. juli klokka 18 no. Det ventast bra oppmøte på bryggen då skuta kjem sigande innover vågen. Tankane våre er allereie heime, så me gledar oss stort til å møta dykk igjen! Vyrdsamt
|
|||||
inniSida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0,
|