|
||||||
|
Oban 2005-06-22 Ida er no i Skottland, nærare bestemt Oban. Me reiste frå Dublin tidleg tirsdags morgon. Våre hollandske vener på skonnerten de Gallant skulle gå gjennom brua i Dublin klokka 0600. Me kom oss opp tidleg og fulgte på. I byrjinga blas det hattar(ikkje høy) og me suste oppover. Underteikna og Erlend sat på vakt og me koste oss med god fart, medstraum og fint ver. Det vart ein fin start med god gamal sigling. Deilig. Etterkvart daua sjølvsagt både vind og medstraum og Sabb'en laut trø til igjen. Me gjekk for motor opp mot Belfast då det tikka inn ei skremmande vermelding på navtex'en. styrke opp til 7 i løpet av natta. Det er litt mykje i desse straumsterke områda. Me lagte naudplan og fossa vidare. Då det byrja å bli mørkt rundt midnatt var det framleis ikkje noko teikn til vind og me satte difor kursen direkte mot Skottland. No hadde me medstraum for alvor og kunne logga over 10 knop utover natta. Då går det fort. Då meg og Emilio kom på vakt klokka 3 var det kun omlag 60 mil til Oban, så me berre køyrte på. Det vil seia at me no ligg omlag 25 mil utanfor innløpet til Caledonienkanalen, siste "hinder" før Nordsjøen og Noreg. Nordsjøen er ikkje noko å kimsa av, men så er no heller ikkje kimsing noko me gjer til vanleg. Me kjenner oss heime no. Oban er ein nydeleg stad, koseleg stemning i små lune gater. Me har allereie ete vårt fyrste fish and chips måltid, no er me komne til UK. Det var ikkje så lett å fatta skotsk i høve til irsk, men det var gjenkjennelege ting som kom på tallerkenen. No skal me finna oss ein pub og tinga "four pints of lager and a packet of crisp, PLEASE!" Fine tider. Til slutt kan eg nemna at me har sol og fint ver, lovar å ta noko med heim att. Vyrdsamt
|
|||||
133854 personar har vitja www.segltur.com sidan me drog.Sida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0,
|