Segltur.com

Sponsorar

Djupevåg Båtbyggeri AS Bergen Reisemedisin
Digitalbilder.no
Jølster Betongbygg AS

Sponsor her?

Språk

Logg

Fort Augustus

2005-06-28

Me ligg no i Fort Augustus, omlag halvvegs gjennom Caledonienkanalen.

Sidan sist har me sigla innerst i inn i Skottland og byrja på Caledonienkanalen som går frå Fort William til Inverness. Den er omlag 60 mil lang og består av nesten 30 sluser og mange bruer. Det er sinnsjukt flott her, naturen, publivet og sjølve anlegget. Områda rundt her minnar litt om sommarNoreg, grønt med skog og fjell. Nokre onde tunger ville nok kalla fjella for haugar, men me har no oppdaga eit skisenter her, så det er ikkje så ille.

No er me 5 ombord etter at Johnny flaug over og møtte oss i Corpach på søndag. Etter det har me segla to dagar og har no kome oss halvvegs. Når eg skriv segla meiner eg gått for motor, kanalar er ikkje alltid det beste å segla på. For tida ligg me fortøyd i byrjinga av Loch Ness, så imorgon vert det ut på jakt etter havormen Nessie. Det er visstnok berre dei lokale som ser den, men me driv og øver oss på å snakka skotsk så kanskje. Det vert spanande imorgon med sluken hengande etter båten.

Veret er strålande for tida, sol og fint ver. Antrekket ombord er shorts og stort sett det, men om kveldane kjem mygg og kulde så då lyt me kle oss litt anstendig. Akkurat som heime.

Me reknar med å reisa frå Inverness på fredag eller laurdag. Då har me god margin til festen fredag 8. juli. For å repetera meg sjølv: klokka 18.

L8r
L

 

 

133854 personar har vitja www.segltur.com sidan me drog.Sida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0, Valid XHTML 1.0! Valid CSS! Creative Commons License This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 2.0 License.