Segltur.com

Sponsorar

Djupevåg Båtbyggeri AS Bergen Reisemedisin
Digitalbilder.no
Jølster Betongbygg AS

Sponsor her?

Språk

Logg

Sveio

2005-07-05

Me er tilbake i Noreg!

Etter ein heller vindlaus overfart over nordsjøen, kom me til Sveio rundt midnatt 2. juli. Då var det ganske nøyaktig 362 dagar sidan me forlot bygda. Det er jammen meg godt aa koma tilbake hit. Folka er like hyggjelege som dei var når me reiste herifrå, veret er sipande regn og roen senkjer seg over båten. Det er deilig å vera heime igjen.

Me reiste frå Skottland seint torsdag kveld og belaga oss på ein roleg overfart. Det var meldt noko vind, men heller lite for vår skute. Saken var den at kulingen skulle blesa friskt utpå lørdags ettermiddag, så me ville ikkje venta på den. Då er det betre og tøffa avgarde for motor. Og det gjorde me. Johnny og Erlend fekk oppleva si fyrste havkryssing og såg ut til å storkosa seg heile vegen. Sjølv om ikkje sola viste seg kvar dag, så var det godt å telja ned mila mot Noreg. Det var ei elektrisk stemning då bømlahuk viste seg i horisonten.

Ved ankomst Sveio kom det ein gjeng ut i båtar og tok godt imot oss, rørande og kjekt. Som seg hør og bør vart det eit lite lag ombord i Ida ut i dei små timar. Myggen stilte og opp, nok ei bekrefting på at me er heime.

Me har jo fått oss mobiltelefonar igjen og har byrja å prata med den verkelege verda. det er mange som undrar seg over kva me gjer i Sveio i så mange dagar. Hugs på at 5 dagar ikkje er lenge for oss, me har rett og slett dårleg tid. Det er vanvittig flott å koma hit og kjenna at roen senkar seg. No treng me ikkje bekymra oss for ver og vind(utanom yr'et), me har fått skuta heim att. Slik sett er det deilig aa koma hit. til helga vert det nok ein kraftanstrengelse i Bergen by, så då er det bra å få litt ro her nede i denne vakre bygda.

Me reknar med at det er ein god gjeng som står på kaien i Bergen på fredag, me gledar oss til å sjå dykk att. Festen varar nok nokre timar, men på søndag bør det byrja å roa seg. Fint om alle jentene kan stilla i sommarkjolar og gutane i shorts. Det skal verta sol lyt vita.

Vyrdsamt
Lars

 

 

133854 personar har vitja www.segltur.com sidan me drog.Sida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0, Valid XHTML 1.0! Valid CSS! Creative Commons License This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 2.0 License.