Segltur.com

Sponsorar

Djupevåg Båtbyggeri AS Bergen Reisemedisin
Digitalbilder.no
Jølster Betongbygg AS

Sponsor her?

Språk

Logg

Heime!

2005-08-26

Ida er no trygt heime, godt for hennar velbrukte skrog og rigg, og godt for nervene til både mødrer og siglarar.

8. juli kom me sigande inn på Vågen, nokre timar før våre vener kom slentrande. Det var godt å leggja til kai i Bergen! Veret var sjølvsagt strålande, folka var blide og det var generelt god stemning i heile byen. Me tek ikkje all æra for det, men veret tykkjer eg me skal ha litt ros for. Det hadde me med oss frå el caribe.

Festen varte langt og lenge, frå fredag klokka 6 til søndag morgon. Det vart ei verdig avslutning! Takk til alle som stakk innom, på det meste var det vel over 50 stykk ombord. Ein spesiell takk skal dei vel ha dei som aldri gjekk heim, utan dykk hadde ikkje festen holdt på så lenge, god innsats!

Skal seia at det er godt å vera heime igjen. Ein kan seia kva ein vil om Noreg, men når sola skin om sommaren.., då er det ikkje mange stader som kan måla seg. Eg fekk heilt hakeslepp då eg såg Hardanger igjen. Kva er vel vitsen med å segla over hav når ein kan ro ut på ein fjord? Einaste problemet i dette landet er vel klimaet, det er for mykje drittver her. Me går jo sjølvsagt rundt og ler oss ihel i regnet, men kor lenge varar det? det er spørsmålet.

No gjenstår det berre å finna seg ein jobb og ein kjærast, stasjonsvogn og ein unge. Så er me i boks. Det er viktig å gjera det før rastlausa tek ein.
Lyt få takka Kristian Byrkjeland for ein glitrande jobb med heimesida. Det er vel få eller ingen som har ein slik dedikert webmaster. Om de treng hjelp med ei heimesida kan de sikkert ta kontakt. Han er dyr, men absolutt verdt det:)

Vyrdsamt
Lars

 

 

133854 personar har vitja www.segltur.com sidan me drog.Sida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0, Valid XHTML 1.0! Valid CSS! Creative Commons License This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 2.0 License.