Segltur.com

Sponsorar

Djupevåg Båtbyggeri AS Bergen Reisemedisin
Digitalbilder.no
Jølster Betongbygg AS

Sponsor her?

Språk

Mannskap

Ole

OleSkippar Ole har to hender. Med dei kan han forvandla tre, metall, leire eller eit kva som helst anna materiale til ein opphøga symbiose av form og funksjon. Han har eit augnemål som kan få linjalprodusentar til å raudme, og nyttar tommestokk kun i unntakstilfelle. Dette talentet i lag med ein voldsam arbeidskapasitet, har ført Ole inn i Strandebarm sin stolte tradisjon av båtbyggjarar. Han har eigenhendig bygd S/S Ida, og har dermed lagt grunnsteinen for denne ekspedisjonen.

Ole er ein raus og avslappa kar. Denne haldninga til livet spreier seg lett til dei han er saman med, og ein kan fort føle att hippie-tida er komen att. På ei anna side vert alt som omhandlar båt gjort dønn seriøst; du køddar ikkje med Ole når han legg skuta til kai!

Elles kan ein nemne at Ole er det me likar å kalle eit «naturmenneske». Han er soleis den einaste av mannskapet som ikkje har med seg badebukse, av di han uansett kjem til å bade naken.

Lars

Lars- Lars er ein heiderskar frå Vikøy. Han er særmerkt med sin sans for detaljar og sitt skråe blikk på livet. Han ser humoren i dei nære ting, og formidlar dette vidare til stor glede for omgjevnadene.

- Lars har ingen spesialitetar, men er over middels god til det meste, og vel so det. Han har eit godt hovud, og mykje av kapasiteten vert nytta til å produsere ironiske kommentarar og til å lagre fotballresultat. Fotballinteressa har han monopol på ombord, og er nok litt suten for korleis han skal halde seg oppdatert på den fronten. Trøysta må vere at me skal til fotballandet Brasil.

Av interesser kan ein nemna kunst og litteratur, i tillegg til rikmannssportar som golf og squash. I Lars bur det og ein liten gamblar, som dreg han med på travbanen, eller fyller handa hans med tippekupongar.

Elles er Lars ein god organisator, og sørger for at papirarbeidet er klart til avreisa.

Vidar

VidarArtisten ombord er Vidar. Han lagar musikk ut av det meste. Gitar er nok hovedinstrumentet hans, men me har høyrt lydar fra harper, munnspel, mandolinar, feler, dobroar og slike ting som ein gong har vakse utifrå hovudet på eit eller anna dyr. Resten av besetninga har sett ei grense på to gitarar, eit munnspel(med flyteelement) og ei harpe. Bukkehornet kjem med til naud, då sjølvsagt kun for å skremma piratar, kvalar og andre skumle skapningar som ikkje nødvendigvis vil oss vel.

Vidar er eit kreativt vesen og vil nok garantert koma attende med bagasjen full av idear. Musikk vil sjølvsagt verta laga, men det er vel ikkje heilt umogeleg at han kjem til å skriva eit eller anna i tillegg. Når han verkeleg er i støtet, lagar han gjerne ein treffande songtekst om ein aller annan i nærleiken, slik at stemninga og allsongfaktoren vert skrudd i veret. Om det verkeleg røyner på med dinarane, kan me setja Vidar på kaien og musikanten vil nok skaffa oss middag.

I og med at Vidar har mest livserfaring, er klokast, røykjer ikkje og har vore i det skikkelege militære, reknar me med at han vil læra oss å frysa, laga nappasuppe og gje moralen eit løft når botnen er nærast.

Olav Alexander

Olav Alexander- Ola var med på turen frå Brest til Lisboa, 6 veker. Han skulle eigentleg møta oss i La Coruna, men diverre var ikkje vindane med oss og guten fekk toga gjennom halve europa.
Ein gourmet er vel eit bra kallenamn på Ola, han trylla fram dei lekraste rettar i vår noko beskjedne bysse. Me kan vel trygt seia at me saknar smaksopplevingane som han gav oss. Men så lærte me mykje og. I tillegg til å laga super mat, var Ola eit kjekt element ombord. Han har ein solid porsjon sjølvironi og ein eineståande humor. Det er ikkje ofte me vrengjer oss i latter, men Ola kan den kunsten og. Så kan han segla i tillegg. Kan me skryta meir no? Heilt klart, men då vert saknet for stort. Vonar me ser deg igjen på ein seinare etappe.

Geir

Geir- Geir møtte oss i La Coruna og segla ned til Lisboa. Det var godt å få ein ombord som kan leggja ut om både postmodernistisk kunst og Oscar Wilde sine tidlege romanar. Samtalen vart heilt klart heva når Geir kom.
Denne sosialt geniale personen går godt ihop med alle og me fekk eit bra samhald når han var her. Mykje festing vart det jo, men slik skal det jo vera når ein er på ferie. Einaste problemet med Geir er balansenerva hans. Det er noko bittelite inne i øyra hans som gjer at han ikkje taklar vugginga på sjøen. Men med litt dop så kom det seg. Og me kunne surfa nedover til Lisboa. Raudvinssegling heile vegen. Du er hjarteleg velkomen attende Geir, tida gjekk skrekkeleg fort når du var her.

Emilio

EmilioDenne 34 år gamle spanjolen møtte me på ein grillfest i Las Palmas. Me la fort merke til at denne relativt rolege mannen hadde ein høgt utvikla humor og eit sårs triveleg oppsyn. Då han spurde om å få segla med Ida var det lett å seie ja.

Han kjem frå fastlandet, nårare bestemt Alicante, som han seier er ein vakker plass. Han har segla mykje rundt i Middelhavet, og ber sjølvsagt i seg den stolte arven frå Mr.Colombus. No seglar han med oss over til Karibien for å halda oppsyn med dei spanske koloniane.

Kjersti

KjerstiKjersti mønstra på i Carlisle Bay på Barbados og dermed vart kvinneforbudet ombord heva umiddelbart. Som nyutdanna jurist er ho ein perfekt person å sigla rundt med. I Karibien er det nemleg mykje mas med immigrasjon og slikt. Kjersti elskar jo papirarbeid, så ho spring avgarde til snuten før me har fått ut ankeret. Det er vel ikkje til å tvila på at alt går mykje greiare når ein har med seg ei flott, blond og lettkledd kvinne.
Mange av dei andre som har kome på vitjing har heva samtalane eit hakk. Kjersti sklei så direkte inn i miljøt at sjømannspråket framleis er dialekta ombord. Uansett kor grovt det vert ser me sjeldan rykningar i verken babord eller styrbord kjake. Frøken Døssland er full av initiativ og sparkar oss (heller late siglarar) igong med det eine prosjektet etter det andre. Sjølv kan organisatoren sitja med ei blokk i neven og notera litt, eller med ein roman. Dessutan bakar ho ei heilt fantastisk gulrotkake!

Sune

SuneVår danske kamerat var me så heldige å treffa i fjella i Venezuela. Det skulle ikkje meir enn ein liten fest til før han vart glatt invitert til å sigla med Ida. Det ville han sjølvsagt og han mønstra på i Puerto de la Cruz. Sune var med oss heilt til Martinique, den verste motsjøturen så langt. Likevel, når ein er så positiv, initiativrik og full av god humor er det vanskeleg å få sjølv ein slik slitetur til å verta kjedeleg. Det er umogeleg å kjeda seg i Sune sitt nærvær, han er ein av dei som ein får noko igjen av. Etter kun nokre dagar kunne me sjå det på hårsveisen til siglarane, trendy mothers. Me takkar for turen, Sune, vonar me får sjå deg att i det kalde nord.

Ragge

RaggeDet er så trygt og godt å ha ein lækjar ombord! Ragnvald kom flygande til Martinique med sekken full av slikt dop ein siglar har bruk for. Sjølvsagt og med mange gode råd og nødvendig legehjelp. Til dømes då Lars velta ankeret over stortåa kom Ragge med gode tips. "eg kan ikkje bevega tåa nedover", seier Lars, "kva skal du med det då", var det kontante svaret frå legen. Utanom legemidla var resten av bagasjen full av bøker, noko som kjem godt med over atlanteren. Og sjølvsagt er hovudet til Ragge fullt av slike tankar som ein kan tenkja lenge over på lange nattevakter. Lars lovar deg eit godt svar på velkomstfesten. Takk for turen, Ragge, du er ein fin fyr.

Thor Øyvind

Thor ØyvindTøs, på folkemunne, kom saman med Ragnvald til Martinique og sigla med oss til Antigua der begge to mønstra av. Tøs er stor, mykje armar og bein og me frykta det verste av skallingar nede i låge Ida. Men det gjekk overraskande bra, ingen hjelmbruk og ingen sår som det er verdt å nemna. tøs var så imponert over kor flott det var her at ein vart skikkeleg smitta av energien hans. Han stod opp før sola den fyrste veka og det gjorde og at han lagde våre dagar lengre, noko som resulterte i at me fekk med oss meir. Litt av grunnen er at unge Syvertsen trengte ein god siesta midt på dagen, då varmen slo han fullstendig ut. Det lyt vel og nemnast at han er ein god kokk, kanskje den beste ombord sidan Ola var med oss i Europa. Takk for turen, Tøs, ta vare på Bergen for oss. Du veit kva me meinar.

 

 

133854 personar har vitja www.segltur.com sidan me drog.Sida er best i IE6+ og Mozilla Firefox 1.0, Valid XHTML 1.0! Valid CSS! Creative Commons License This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial 2.0 License.